Jan Inge Sørbø kjem til Torsdagskveld i kyrkja 3. desember kl 19.30 i Spjelkavik kyrkjekjeller.
Torsdagskveld i kyrkja: I Eidslott sin fargepalett
Velkomen til ein kveld med dikt og salmar. Jan Inge Sørbø gjestar oss med dikt prega av Arnold Eidslott sin fargepalett. Kvelden er ei markering av at det i 2026 er 100 år sidan Eidslott vart fødd.
Sørbø har eit langt forfattarskap bak seg, i tillegg til karrieren sin ved Høgskulen i Volda. I Norsk salmebok er han representert med både klagesalmen «Herre, måtte dette skje» (nr. 751) og oktobersalmen «Han gyller himlens tak i gullsinober» (nr. 847).
Eidslott er vegvisar til interessante teologiske landskap. Sørbø fargar landskapet med purpur og sinober.
Torsdagskveld i kyrkja gir rom for tru, undring og fellesskap!