Dei som er født i 2018 (3.-klassingar) er invitert til akvarietur 19. september og Hausttakkefest 20. september.
Påmelding: https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=a5a3ae97-543a-4857-94c9-903e96bc1e1f
seinast torsdag 17. september.
Tilbodet er ein del av trusopplæringa i Spjelkavik kyrkjelyd. Ved spørsmål, Sølvi Ulvestad, tlf 41322714 eller solvi.irene.ulvestad@kyrkja.alesund.no
AKVARIETUR: Fisk og skattejakt
Trusopplæringa i Spjelkavik kyrkje ønskjer deg som går i 3. klasse velkomen til AKVARIETUR
lørdag 19. september kl. 10-13.
Oppmøte utanfor inngangen til Atlanterhavsparken. Det blir temasamling frå bibelen, «skapinga av jorda og livet i havet», skattejakt/uteaktivitetar (kle deg etter veret), aktivitetsbasseng, kakao og bollar og mykje anna moro.
Alle må ha med seg ein ansvarleg vaksen. Ein vaksen kan ha ansvaret for fleire barn. Vi betalar inngangsbillett for 3.-klassingen og ein vaksen. Gje beskjed ved påmelding om de har årskort. Atlanterhavsparken er open 10-16. Det er sjølvsagt lov å vere igjen i parken etter at samlinga vår er slutt. Det er foring i stortanken kl 13, foring av oter kl. 14, foring av pingvinar kl. 14.30 og foring av selane kl. 15.
Påmelding: Innan torsdag 17. september på: tru.no.
HAUSTTAKKEFEST:
Spjelkavik kyrkje søndag 20. september kl. 11. med utdeling av boka «Skatten i Liljedal». Sjølv om du ikkje er med på opplegget lørdag, kan du likevel kome til kyrkja og få boka på søndag. Registrering ved inngangsdøra frå kl. 10.40. Alle som vil kan bere inn fruktkorger. 3.-klassingane sit saman med familien sin.