Onsdag 10. juni 2026 er det 100 år sidan lyrikaren Arnold Eidslott vart fødd. Jubileumsdagen blir markert i Spjelkavik kyrkje med musikk, dikt og refleksjonar kring fred, krig og håp, kl. 19.00.
På programmet står Kjell Habbestad sitt verk «Fred for fjern og nær», eit lite oratorium komponert i 2025. Verket byggjer på fredsdikt frå heile verda, kombinert med fleire av dei mange dikta til Arnold Eidslott som handlar om krig og uro. Temaet har ein sentral plass i Eidslott sitt forfattarskap, og opplevest særleg aktuelt i ei tid prega av konfliktar og uro i verda.
Verket blir framført av Spjelkavik Ungdomskantori under leiing av Ola Eide. Skodespelar Inger Bakke resiterer krigsdikta, akkompagnert av Samuel Skrede på cello.
Medverkande musikarar er også Oskar Sletfjerding på fløyte og Tom Gontier på trompet.
Publikum får dessutan høyre urframføringa av det nyskrivne verket «Da Pacem» («Gjev fred») for orgel og trompet, komponert av Kjell Habbestad. Verket blir framført av Tom Gontier på trompet og Magnus Kløften på orgel.
Konserten blir avslutta med musikk av Johann Sebastian Bach, som var favorittkomponisten til Arnold Eidslott. Magnus Kløften framfører eit verk av Bach som avslutning på jubileumskvelden.
Bill. 200.- Barn og ungdom gratis.