Årsrapporten for 2025 er no klar. Her kan du lese om alt det gode og mangfaldige arbeidet som har vore gjort i kyrkjelyden det siste året.
Årsrapporten for 2025 gir eit samla bilete av aktivitet, fellesskap og utvikling i kyrkjelyden gjennom året som gjekk. Her finn du glimt frå gudstenesteliv, trusopplæring, diakoni, kulturarbeid og frivillig innsats – og eit innblikk i korleis kyrkja har vore ein møteplass for menneske i ulike livsfasar.
Rapporten ligg vedlagt her, og vi håpar mange tek seg tid til å lese den: Årsrapport 2025 - Spjelkavik sokn
Årsrapporten vil også vere bakteppet for det årlege soknemøtet (årsmøtet i soknet), som er sett til 21.06.2026. Vi samlast i kyrkjelydssalen til kyrkjekaffi og årsmøte rett etter gudstenesta denne dagen.
Vel møtt!