Planlegginga av framtidas møteplass på Hatlehol er i gang! Innbyggjarar, lag og organisasjonar i området invitarast til å kome med innspel. SVARFRIST 13.JANUAR, 2026.
Indre Borgund er i sterk vekst. Området frå Tørla og Humla til Vegsund, Blindheim, Myrland, Hatlehol, Flisnes og Emblem har i dag om lag 10 000 innbyggarar, med mange barnefamiliar og nye bustadområde. Samtidig manglar området ein eigen lokal møteplass og kyrkje.
Dette ønskjer Spjelkavik sokneråd no å undersøkje nærare. I samarbeid med Ålesund kyrkjelege fellesråd har vi satt i gang ei behovskartlegging knytt til mogleg etablering av eit kombinert aktivitetshus og kyrkjerom på tomta ved Hatlehol gravstad. Formålet er å få eit godt kunnskapsgrunnlag for å vurdere om – og eventuelt korleis – eit slikt bygg kan tene heile lokalsamfunnet, både til kyrkjelege føremål og som ei open møteplass for ulike aktivitetar.
Vi treng dine innspel
Kva behov bør huset dekkje? Kva funksjonar bør vere ein del av bygget? For å få eit godt kunnskapsgrunnlag gjennomfører vi ei behovskartlegging i samarbeid med Rodeo arkitekter. Innspela som kjem inn vil vere viktige i den vidare planlegginga og i framtidige politiske prosessar.
Slik kan du bidra
Alle som bur i området, eller representerer lag, organisasjonar eller andre aktørar, er velkomne til å delta. Du kan bidra på to måtar:
– Svar på undersøkinga - Svarfrist 13.januar, 2026.
– Kom på ope møte
Ope møte
Dato: 11. februar 2026 kl. 19.00
Stad: Blindheim idrettslag sitt klubbhus, Sportsvegen 4, Ålesund
På møtet vil vi presentere funn frå spørjeundersøkinga, gi innblikk i vidare prosess og opne for dialog og innspel frå deltakarane.