«Jauchzet, frohlocket!» – Jublande tonar mot jul


«Jauchzet, frohlocket!» – Jublande tonar mot jul


Storkonsert med Sunnmøre Oratoriekor: Spjelkavik kyrkje søndag 14. desember kl. 18.00 

Sunnmøre Oratoriekor inviterar til ein fest av ein førjulskonsert når dei, saman med lokale solistar, Borgund kyrkjekor, Spjelkavik kyrkjekor og Sunnmøre Kammerensemble, løfter fram dei tre første delane av Johann Sebastian Bach sitt elskede Juleoratorium. I tredje helga i advent fyllest både Volda kyrkje og Spjelkavik kyrkje av jubel, englesong og stor musikalsk kraft.

Publikum sa det så treffande etter fjorårets konsert: «Det er jo så kjekt at dette har blitt ein tradisjon.» Og nettopp slik kjennest det. Bach sitt Juleoratorium har ein heilt eigen evne til å markere inngangen til jula – med musikalsk prakt, varme og ein forteljing som aldri sluttar å røre oss.

I år inviterer Sunnmøre Oratoriekor igjen til ei storslått førjulsoppleving. Saman med Borgund kyrkjekor, Spjelkavik kyrkjekor og Sunnmøre Kammerensemble fyller dei to kyrkjerom i adventshelga med Bachs meisterverk. Dei tre delane som vert framførte, skildrar hendingane rundt Jesu fødsel – tekstar henta frå Lukasevangeliet og tonesett av Bach med genial kombinasjon av alvor, forventning og jubel.

Tenorsolisten er evangelieforteljaren i verket, med resitativ akkompagnert av cello og orgel. Ariene og koralane løftar forteljinga vidare og knyter den til våre eigne liv. Slik vert julebodskapen levande her og no – akkurat det som har gjort Juleoratoriet til ei kjær musikalsk skatt i generasjonar.

Lokale solistar med høg internasjonal kvalitet
Årets solistar har alle sterk tilknyting til regionen.
– Sopransolist er Louise Engeseth frå Volda, no masterstudent ved Operaakademiet i København og allereie prisvinnande songar.
– Altpartia vert framførte av Maria Haukenes Malmedal, kjend for si formidlingsevne og tidlegare ein publikumsfavoritt i oratoriet.
– Tenorsolisten er den unge, men allsidige Magnus Fremstad, med brei erfaring frå både opera, kyrkjemusikk og profesjonelle vokalensemble.
– Bassolisten Magne Fremmerlid frå Skodje er ein av regionens mest meritterte songarar, med lange og sterke merittlister frå operascener både i inn- og utland.

Eit ensemble av lokale toppmusikarar
Sunnmøre Kammerensemble består i stor grad av musikarar med røter på Sunnmøre – mange av dei godt kjende for publikum. Konsertmeister er fiolinisten Øystein Salhus, og organist er tidlegare Spjelkavik-kantor Ola Eide. Fløyter, oboar, trompetar, pauker og strykarar fyller orkesteret med den rike klangfargen som gjer Juleoratoriet så gjenkjenneleg.

Musikarar som Brage Botn Seim (cello), Oskar Slettfjerding og Yuri Hashimoto (fløyte), og eit heilt kobbel dyktige oboistar og trompetistar er med på å forme den store musikalske forteljinga. Strykarkvartetten og bassgruppa gir orkesteret solid fundament og varme.

Kora i samspel
Sunnmøre Oratoriekor er instruert av kantor Bert Handrick i Volda, som òg dirigerer konsertane. Dei lokale kora er leia av kantor Kjetil Kvangarsnes, og har øvd målretta gjennom hausten for å skape den krafta og presisjonen som krevst i Bach sin musikk.

Ei julegåve i lydform
Innbyggjarane på Sunnmøre – og alle som kjem på besøk – kan gle seg til ei praktfull musikalsk oppleving som løftar advent inn i julehøgtida. Juleoratoriet byr på alt frå jubel og englesong til stille ettertanke, og står som ei av dei vakraste musikalske inngangsportane til jula.

Velkomen til ei høgtidsstund fylt av lys, klang og glede.

Bilett kr. 400 .- (born under 16 år gratis)

I år kan du enkelt kjøpe billettar via VIPPS.
Søk opp «Sunnmøre Oratoriekor» eller bruk VIPPS-nummer #34392.

Der vel du berre konserten du vil gå på, antal billettar – og betaler.
Kvitteringa du får på mobilen fungerer som inngangsbillett.

Tilbake