Søndagsbrevet 15.3


Korona-viruset har no breia seg ut over heile verda. I Den norske kyrkja har vi avlyst dei fleste felles-samlingar i tida framover. No er det tid for nasjonal dugnad. No gjeld det å ikkje miste motet!

av Bjarte Hove, kapellan

Den 14. april 1940 var den første søndagen i den krigen som skulle bli Noreg si største prøving som moderne nasjon. Den danske diktarpresten Kaj Munk var i Oslo denne dagen. Han gjekk då til gudsteneste i ei av kyrkjene der. Han tenkte med seg sjølv: "Hva vil nå presten si nå da?" Soldatar frå eit framandt land marsjerte i gatene, men inne i kyrkja vart krigens utbrot ikkje nevnt med eit ord! Kaj Munk vart forskrekka. Skulle ikkje kyrkja vere aktuell, og hjelpe folk til å forstå kva som no skjedde i verda? Kan ein late som om ingenting spesielt har skjedd?

Det er lenge sidan 1940. No er situasjonen heilt annleis. Korleis skal vi forstå det som hender i verda? Her i byen og bygda vår? Skulane stenger - kva no? Bibelen er ikkje taus om sjukdom og naud og alvorlege tider. Difor skal heller ikkje kyrkja vere det.

Vi kan peike på tre ting som vi treng:

1. Nasjonal Dugnad!

Vi treng å fornye sinna våre, vi treng å lage ei ny overskrift over det som skjer: No går vi inn i ei nasjonal dugnadstid! Smittevern handlar om å elske sin neste (Lukas 10,27-28), og om å stanse eit nytt virus som er farleg særskilt for våre medmenneske med ulike helseutfordringar. 

2. Mot

Vi treng å mønstre mot! Først og fremst fordi det motsette av mot er mismot. Det er ikkje ei god kjensle. Men mismotet kan komme smygande inn i liva våre. Det kan vere fortvilande å lese avisene desse dagane. Vi reagerer alle ulikt i møte med det ukjente. Influensa kjenner vi alle, men dette er ein luftvegsinfeksjon og sjukdomstype som vi veit lite om. Men dei gamle kyrkjefedrene sa at mismot var ei synd. Å fylle oss med mismot er ikkje den rette vegen for liva våre. Difor må vi mønstre mot! Både vågemot og edelmot. Og kanskje vi skal ta nokre telefonar til dei neste dagane, til nokon som treng å få ei oppmuntring?

3. Tru, håp og kjærleik

Den 14.april 1940 hadde presten på nordøyane sin første preike i ein nasjonal lagnadstid. Teksten han las og preika over var ikkje den oppsette teksten, men henta frå ein 3000 år gamal bøn. Bøna var skrive av kong David. Det er ei bøn vi kan få ta med oss i tida framover, i tillit til at Gud høyrer våre bøner, også dei bønene han har gjeve oss i Bibelen sin eiga bønebok:

Salme 23 - Ein salme av David.

Herren er min hyrding,
          eg manglar ikkje noko.
Han lèt meg liggja i grøne enger,
          han fører meg til vatn der eg finn kvile.
Han gjev meg nytt liv.
          Han leier meg på rettferds stigar
          for sitt namn skuld.
Om eg så går i dødsskuggens dal,
          er eg ikkje redd for noko vondt.
          For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
          dei trøystar meg.
Du dukar bord for meg
          framfor mine fiendar.
          Du salvar mitt hovud med olje.
          Mitt beger renn over.
Berre godleik og miskunn
          skal følgja meg alle mine dagar,
          og eg skal bu i Herrens hus
          gjennom alle tider.

Tilbake