Medan vi ventar på Hatlehol kyrkje held vi til i lokala til Ålesund Folkehøgskole (tidlegare Borgund).
Det blomstrar i gudstenestelivet i indre bydel sjølv om vi må vente ei stund på Hatlehol kyrkje. Annankvar søndag samlast vi på Ålesund Folkehøgskole (tidlegare Borgund) til ei gudsteneste fylt med høgtid, musikk og fellesskap for store og små. Vi feirar nattverd, og barna kan gå til søndagsskulen eller bibelgjengen. Etterpå er det kyrkjekaffe.
Hatlehol er ein del av Spjelkavik kyrkjelyd, men har også nokre eigne faste møtepunkt i indre bydel.
Du finn program på Spjelkavik kyrkjelyd si hovudside. Velkomen skal du vere!
For grupper og kontakt, sjå artikkelen om grupper og aktiviteter.
Følg også med på facebooksidene "Hatlehol Interimkyrkje" og "Hatlehol Søndagsskole og Bibelgjengen"