Klar for fastetida?

18.02.2019

Klar for fastetida?

Fastelavnssøndag, 3. mars, tar vi sikte på å dele ut materiell til fastetida, til både born, familiar og vaksne, samt selge fastelys til dei som vil kjøpe det. Fastetida starter med oskeonsdag 6. mars og varer fram til påske.

Til barna deler vi ut heftet "Superhelt i fastetiden". I superheltheftet møter vi Thea og Jacob, to superhelter. Gjennom sju fortellinger blir barna betre kjent med dei på ei spanande reise i tid og rom. Vi har også plakaten "Barnas fastejobb" som ein kan bruke til å gjere småjobber heime for å tene meir penger til menneske som treng hjelp.

Den tradisjonsrike fiolette fastebøssa er sjølvsagt med i utvalet (tips: vent til du kjem heim med å brette den opp).

Nytt av året er at Kirkens Nødhjelp har laga ein folder med eit bilete, ei lita tekst og ei bøn for kvar veke i fastetida. Sidan barna har superheltheftet så er nok denne mest til dei vaksne.

Vi selger også i år fastelys, der overskuddet går til Kirkens Nødhjelp. Fastelysa er eitt lys for kvar av dei 7 vekene i fastetida. Dei små lysa koster 100 kr per sett og passer for bruk heime på spisebordet (4x6 cm, passer i telysestakar). Dei store lysa koster 200 kr per sett og passer i større forsamlingar eller for dei som vil ha meir brennetid (5x12 cm). Betaling på vipps (#69035 - Spjelkavik sokn), fastelysa ligg under menyen "Bøker, CD-er etc".

Er du forhindra frå å komme 3. mars? Fortvil ikkje, det som vert til overs kan ein komme på kyrkjekontoret å forsyne seg av i dagane (og ukene?) etterpå.
Sal av fastelys er allereie i gong. Ta kontakt med kateketen på kontoret.