Ein liten gut med eit stort hjarte

03.03.2019

Ein liten gut med eit stort hjarte

Fastetid - raud veke: frå Fastelavnssøndag. Kvar veke i fastetida kan du lese om ein ny person frå Kirkens Nødhjelp sitt arbeid.

Jama kjem springande mot oss, i blå skjorte og med bøker under armen. Han er akkurat ferdig på skulen for i dag. Men før han og kompisane dannar fotballag, og speler så den tørre sanden virvlar rundt dei ivrige og høglydte gutane, set han seg ned saman med oss. Historia vi får høyre er diverre ikkje unik.

Han er eldst i ein søskenflokk på fire jenter og to gutar. Fire år samanhengande tørke tok livet av alle dyra dei eigde – og det enkle, men gode nomadelivet familien ein gong hadde. Ein håplaus og livstrugande situasjon førte dei hit til flyktningleiren Jilab 3 i byen Garowe. No bur dei i éin av tre leirar som tilsaman husar meir enn 35.000 menneske. Her bur familien på åtte i eit fillete, men velstelt telt. Takka vere gjevarane til Kirkens Nødhjelp får alle i leiren heldigvis reint og trygt vatn.

Nye vener

– Vi hadde mista nesten alle dyra våre, og visste ikkje kva vi skulle gjere. Ein dag sa far at vi måtte flytte – for elles ville vi òg døy. Eg lurte på korleis det ville bli, og om eg ville få nokre nye vener. Og det fekk eg, seier Jama og smiler. – Eg er mest saman med dei andre gutane på skulen, og eg liker best når vi speler fotball. «Fotballen» dei speler med er ein utsliten tennisball, det legg ingen dempar på innsatsen eller begeistringa til gutane.

Som eldstemann har åtteåringen mange plikter utover fotballbana. Kvar dag hjelper han til med å hente vatn, lage mat, vaske kle og halde det ryddig og reint i og rundt teltet, som er sett saman av ulike tepper og tøybitar.

– Ja-ja, roper Jama og vinkar ivrig til ein av kompisane sine. Han stadfestar at han snart er med i leiken igjen.

Må hjelpe

Dei internt fordrivne er Somalia sine aller mest sårbare. I Somalia er folk godt vande med tørkeperiodar, men ikkje med at dei varer fleire år i strekk. Utan ein stor nasjonal og internasjonal naudhjelpsinnsats kunne biletet ha vore like mørkt som for sju år sidan, då meir enn ein kvart million menneske bukka under. I hovudsak rammar tørken barna, dei sjuke og dei gamle.

I slike kriser er det sterkt å oppleve samhaldet og støtta folk viser kvarandre. Nye naboar, vener, og i storfamiliane i leirane – alle bidreg, store som små.

Vil hjelpe andre

– Eg hjelper til mykje, men det må eg jo. Alle må hjelpe til, seier Jama og gnir sveitte av anletet i over tretti grader, valdsam vind og med raudleg sand som klistrar seg fast i håret. Jama er ein ekte superhelt som er pliktoppfyllande og hjelpsam. Det stikk djupt, sjølv hjå ein så liten gut.

– Når eg blir stor har eg lyst å bli hjelpearbeidar, fordi eg vil gje folk mat og vatn. Og fotballar til barna slik at dei kan leike. Her vi bur no får vi hjelp, og ein sånn jobb vil eg òg ha ein dag.